Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet. Dermed er realiseringa eit steg nærare.
Ordførar Arve Helle( Her i Høgjæren vindkraftanlegg i Rogaland) skulle ikkje vore kjent ugild då kommunestyret handsama reguleringsplanen for vindparken, slår fylkesmannen fast
Det var Jarl Egil Haugsbø, Idar Skår og Roald Skår som hadde klaga på den vedtekne reguleringsplanen. Hovudklagepunkta deira var praktiskeringa av ugildskap i kommunestyret i Fjaler. I tillegg klaga dei på at det i reguleringsarbeidet ikkje var teke nok omsyn lagfrekevnt støy.
Når det gjeld ugildskap får klagarane medhald i at Leif Skår ikkje skulle vore kjent ugild. På den andre sida skulle heller ikkje ordførar Arve Helle vore ugild. Dermed har kommunen på dette punktet gjort sakshandsamingsfeil, men desse har ikkje hattt innverknad på resultatet av saka, og gjev dermed ikkje grunnlag for å gjere om vedtaket.
Når det gjeld klagen på lågfrekvent støy, tilbakeviser fyleksmannen klaga. Spørmålet om støy er handsama i samsvar med lovar og reglar og her har kommunen ikkje gjort noko feil.
Fylkesmannens vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på. Dermed er reguleringsplanen for Lutelandet Energipark gyldig.
Også konsesjonen er klaga inn til olje- og energidepartementet. Ein del av klagegrunnlaget her er også lågfrekvent støy.

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir

Offshore.no

www.tu.no - Energi