Lutelandet Offshore sin søknad om
utsleppsløyve i samband med industriverksemda på Lutelandet er no
ute på høyring. Høyringsfristen er 29. april.
Det er fylkesmannens miljøvernavdeling som
handsamar søknaden. Alle papira i samband med søknaden finn det på
nettsidene til fylkesmannen.
Lutelandet Offshore as har søkt om
utsleppsløyve for nedrigging av offshore oljeinstallasjonar,
vedlikehald av skip, uttak av stein og montering/uttesting av
vindmøllar. Ev. uttaler må vere sendt til Fylkesmannen innan
29.april 2011.
Søknad
med vedlegg kan ein sjå på denne sida. Dei mest aktuelle
høyringspartane har i tillegg fått sjølve søknadsdokumentet
tilsendt direkte. Alle som har merknadar til søknaden, kan gje
uttale til Fylkesmannen innan 29.april 2011. Når søkjar har fått
høve til å kommentere ev. merknadar, vil Fylkesmannen vurdere om og
ev. på kva vilkår løyvet (utsleppskonsesjon) kan gjevast.
Aktiviteten på avsett område er samansett. Hovudaktiviteten er meint å vere nedrigging av offshore installasjonar for oljeproduksjon. Denne typen anlegg vil med tida følgast opp av Klima- og forureiningsdirektoratat, men Fylkesmannen er delegert avgjerdsrett denne gongen for dette anlegget. I tillegg vil anlegget kunne ha servive og vedlikehald av skip og andre, større, flytande innretningar. Standardkrav til slik aktivitet går fram av kap. 29 i ureiningsforskrifta. Standardkrav for uttak av stein m.v. går fram av kap. 30 i ureiningsforskrifta. Det er også avsett område for montering og testing av vindmøller, og for eit biologisk anlegg for behandling av organisk avfall. Dersom utsleppskonsesjon for omsøkt aktivitet kan gjevast, vil Fylkesmannen vurdere om alle relevante krav bør gå fram av eit samla løyvedokument.

Del på Facebook