Der industrien får
plass
Lutelandet er eit over 3000 mål stort industriområde sentralt plassert på norskekysten nær store olje- og gassfelt og store mineralressursar. I tillegg er her god vind for kraftproduksjon. Her er det plass til både servicehamn for petroleumsindustrien, offshore vindkraft , energiproduksjon og decommisioning av oljeistallasjonar.
Lutelandet ligg mindre enn ein times køyring frå næraste
flyplass. Frå Bergen er det tre timar med bil. Industriområdet ligg
sentralt ved skipsleia med ryddig og god innsegling til
hamneområdet. Innseglinga har minimumsdjupne på 100 meter. Kaiar
har minimumsdjupne på 20 meter. Området er også veleigna for
produksjon av fornybar kraft. Difor er det under planlegging ein
vindpark på 50 MW vest på industriområdet


Del på Facebook





