Glade for at Vestavind satsar på Lutelandet

- Vi er svært glade for at Vestavind Kraft no klart signaliserer at dei vil satse på Lutelandet.

Det seier dagleg leiar Stein Arne Ottesen i Lutelandet Utvikling.


- Samstundes vil vi understreke at vi har hatt eit svært godt samarbeid med Statoil i den tida dei var med oss i utviklinga av vindkraft på Lutelandet.

Heilt sidan Statoil for eit par år sidan gjorde eit strategisk val om å satse sine ressursar innan fornybar energi på offshore vind, har det vore klart at dei ville trekkje seg ut av vindkraftprosjektet på Lutelandet når det er klart for investering. Lutelandet var det siste vindkraftprosjektet på land som Statoil hadde eigardelar i.

Dei satsa som mange hugsar på Lutelandet som senter for testing av offshore vindteknologi. Dette vart stoppa av klager.

- Det at at klager frå motstandarar av vindkraftanlegget gjorde at vi ikkje fekk vere med på utvikling av ny offshoreteknologi saman med Statoil er trist, seier Ottesen.

Det er difor dobbelt gledeleg at det no ser ut til å gå mot investeringsavgjerd for vindkraftanlegget. Utbygginga av vindkraft er svært viktig for utviklinga av industri på Lutelandet. Sikker tilgang på nok kraft er ein viktig føresetnad for industriutviklinga på Lutelandet. Med vindkraftanlegget følgjer utbygging av 132 kV kraftline til Lutelandet finansiert gjennom den så kalla Gjøa-avtalen. Den finansieringa står ved lag sjølv om Vestvind Kraft no kjøper ut Statoil frå prosjektet. Så vonar vi at vi saman med dei andre partnerane på Lutelandet kan få brukt testkonsesjonen som ligg på Lutelandet til teknologiutvikling som kan vere med på å fremje industriutviklinga.

Kartlegg miljøet i sjøen rundt Lutelandet

Det pågår no eit storarbeid med å kartlegge miljøet rundt industriområdet på Lutelandet. Det er eit krav frå Miljødirektor...
Les meir

Skal bli lettare å finne lokale leverandørar

Fjaler Næringsutvikling og Lutelandet Utvikling AS har i fellesskap utvikla eit kart som skal gjere det lettare for dei so...
Les meir

Endeleg konsesjon til kraftline

Sunnfjord Energi har no fått den endelege konsesjonen på bygging av 132 kV-kraftline fram til Lutelandet. Nesten sju år et...
Les meir

Nytt selskap etablert på Lutelandet

SMC AS, Sunnfjord MartimeConsulting AS, er eit nystarta ingeniør- og rådgjevingsselskap som har etablert seg på Lutelandet...
Les meir

Glade for at Vestavind satsar på Lutelandet

- Vi er svært glade for at Vestavind Kraft no klart signaliserer at dei vil satse på Lutelandet. Det seier dagleg leiar St...
Les meir

Vestavind Kraft ekspanderer på Lutelandet

Vestavind Kraft tek over Statoil sin aksjepost i Lutelandet Energipark AS. Aksjeovertakinga inneber at Lutelandet Energipa...
Les meir

Statoil bytter bort deler av Gjøa

Statoil overlet no store eigardeler i Gjøfeltet rett utanfor Bulandet til det tyske oljeselskapet Wintershall. Dette skjer...
Les meir