Vestavind Kraft ekspanderer på Lutelandet




Vestavind Kraft tek over Statoil sin aksjepost i Lutelandet Energipark AS.


Aksjeovertakinga inneber at Lutelandet Energipark vert eit heileigd dotterselskap av Vestavind Kraft.

- Vi har ambisjon om å vere ein sentral vindkraftaktør på Vestlandet, så når Statoil har bestemt seg for å tre ut av landbasert vindkraft er det naturleg for oss gripe denne muligheita for vekst, fortel Stig Svalheim som er administrerande direktør i Vestavind Kraft AS.

Vindkraftverket på Lutelandet har konsesjon, men gjennomføring av utbygginga må vente til kraftlinja mellom Sogndal og Ørskog står ferdig i 2016. Svalheim erkjenner at lønsemd og finansiering for vindkraftverket er eit utfordrande element som må på plass før utbygging, men at dette prosjektet har klare fortrinn. - Finansiering av kai på Lutelandet og kraftnett til Lutelandet vert finansiert av den såkalla Gjøaavtalen, og denne avtalen ligg fast sjølv om Statoil no trekkjer seg ut av energiparken, opplyser Svalheim.

Vestavind Kraft er eigd av Tafjord Kraftproduksjon AS, SFE Produksjon AS, Sunnfjord Energi AS, Sognekraft AS, BKK Produksjon AS, SKL Produksjon AS og Haugaland Kraft AS.


Kartlegg miljøet i sjøen rundt Lutelandet

Det pågår no eit storarbeid med å kartlegge miljøet rundt industriområdet på Lutelandet. Det er eit krav frå Miljødirektor...
Les meir

Skal bli lettare å finne lokale leverandørar

Fjaler Næringsutvikling og Lutelandet Utvikling AS har i fellesskap utvikla eit kart som skal gjere det lettare for dei so...
Les meir

Endeleg konsesjon til kraftline

Sunnfjord Energi har no fått den endelege konsesjonen på bygging av 132 kV-kraftline fram til Lutelandet. Nesten sju år et...
Les meir

Nytt selskap etablert på Lutelandet

SMC AS, Sunnfjord MartimeConsulting AS, er eit nystarta ingeniør- og rådgjevingsselskap som har etablert seg på Lutelandet...
Les meir

Glade for at Vestavind satsar på Lutelandet

- Vi er svært glade for at Vestavind Kraft no klart signaliserer at dei vil satse på Lutelandet. Det seier dagleg leiar St...
Les meir

Vestavind Kraft ekspanderer på Lutelandet

Vestavind Kraft tek over Statoil sin aksjepost i Lutelandet Energipark AS. Aksjeovertakinga inneber at Lutelandet Energipa...
Les meir

Statoil bytter bort deler av Gjøa

Statoil overlet no store eigardeler i Gjøfeltet rett utanfor Bulandet til det tyske oljeselskapet Wintershall. Dette skjer...
Les meir