Anlegget overlevert

Lutelandet Eigedom AS har no formelt overteke anlegget på Lutelandet frå Skanska AS. Anlegget vart levert til rett tid og til avtalt pris.
Kaia er 60 meter lang, og har 20 meter seglingsdjupne. Sjølve kaiplata er 30 meter brei, og har fire pullertar med ei trekk kraft på 70 tonn kvar. Huvudpullertane for anlegget står på to vengjer innafor kaia. med to pullertar utanfor kvar ende. Desse pullertane har ei trekkraft på 200 tonn kvar. Kaia har fire store fenderar som tåler same last som dei store pullertane.
I tillegg til kaia er eit ferdig planert bakareal på rundt 34 mål ein del av leveransen frå Skanska. Totalt er det sprengt i overkant av 170.000 kubikkmeter fjell for å få til anlegget. Anleggsarbediet har pågått i om lag ni månader. Skanskas hovudleverandør på sprenging og planering har vore Vassbakk og Stol. Hovuddelen av kaia er bygd av element produsert i Fortsand i Ryfylke. Betong til samanstøyping kom frå Øen Betong i Dale. Andre underleverandørar på anlegget har vore blant anna Røyset Maskin, Sunnfjord Sveis, og Mass Kjell Myklebust AS, I tillegg har det vore mindre lebveransar frå ei rekke lokale leverndørar. Mellom anna er all mat levert frå Korssund Handel medan Randi Fretland og Rønnaug Haugen sytte for god mat til anleggsarbeidarane under heile anleggsfasen.
Mass Kjell Myklebust AS hadde entreprisen på vegen fram til anlegget.

Tips ein ven

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir
Kunne ikke lese RSS

Offshore.no

www.tu.no - Energi