Anleggsarbeidet går for fullt

Anleggsarbeidet på Lutelandet går no for fullt med maskinar frå Helldal AS, Inge Hjelle Entreprenørforretning, Mass Kjell Myklebust AS,og Brødrene Lutentun
Nyleg vart det sprengt ei salve på 22.000 kubikkmeter fast fjell. Denen steinen blir no brukt til å utvide det plantette industriområdet. Det meste vil gå med til å fylle ut frå Fløholmen til "fastlandet" Nett no pågår arbeidet med å fjerne jord frå dokkområdet for fullt. Arbeidet med grovsprenging i dokkområdet startar i nær framtid.
Planen er at det rundt juletider skal vere eit samanhengande planert industriområde på 100 dekar.
Arbeiet med å få fram vatn til industriområdet er no fullført. Det er lagt ein to kilometer lang sjøkabel frå Korssund til sørsida av Lutelandet.
Ny høgspentline fram til kaiområdet er også nesten på plass. Det betyr at det vil vere tilgang til ei kraftig straumforsyning på Lutelandet i løpet av ein månads tid. Då kjem det også lys i mastene med til saman ti 1000 watts lyskastarar.

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir

Oilinfo.no:

www.tu.no - Energi