Kinesisk industrikonsern ser på Lutelandet

Laurdag vitja toppleiinga i det kinesiske industrikonsernet XEMC Lutelandet
XEMC er eit halvt statleg og halvt privateigd selskap som driv allsidig industriverksemd i Kina. Dei er særleg store på elektromotorar og turbinar. Produksjon av turbinar til vindmøller er ei av dei største verksemdene deira. Dei har også ein eigen fabrikk som produserer vengjer til vindmøller.
For ei tid sidan kjøpte selskapet opp den nederlandske turbinprodusenten Darwind som har utvila ein lett turbin på 5 MW for offshore vind.
XEMC ser no på Europa og nordsjøbassenget som ein svært interessant marknad. Når dei har fatta interesse for Lutelandet er det på grunn av den sterke satsing på vindkraft på industriområdet og den gunstige plasseringa i forhold til det som skal skje i Nordsjøen dei næraste 10-15 åra.
Delegasjonen frå Kina som vitjar Norden i desse dagane er leia av toppsjefen i konsernet Zhou Jianxiong(nr 4 frå venstre på biletet). Lutelandet var første stopp på turen i Norden.

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir

Offshore.no

www.tu.no - Energi