Konsesjon for offshore testing i Nordfjord

Testing av teknologi for offshore vindkraft i Sogn og Fjordane er kome eit langt steg vidare.

Olje- og energidepartementet gav måndag Vestavind Kraft AS konsesjon til eit testområde for flytande vindturbinar i kommunane Selje og Vågsøy.

Dermed vert det lagt til rette for testing og utvikling av teknologi for flytande vindturbinar på tre ulike stader med varierande marine forhold.

- Regjeringa legg stor vekt på demonstrasjon av teknologiar for ny, fornybar energi. Testing av teknologi for flytande vindturbinar vil vere av betydning for seinare satsing på havvind. Vindkraftanlegg til havs vil på sikt kunne gi gode bidrag til regjeringa si satsing på fornybar energi, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp).

Testanlegget hadde tidlegare fått konsesjon frå NVE, men vedtaket var klaga inn ab av Norsk ornitologisk forening, som meiner turbinane vil utgjere ei fare for fuglelivet.

Departementet meiner at inntil tre enkeltståande vindturbinar ikkje vil ha nemneverdig innverknad på fugleliv eller verneverdiane i desse områda, og dermed er konsesjonsvedtaket endeleg.

- Etter ei grundig vurdering er departementet komme til at konsekvensane for fugl ikkje er av eit slikt omfang at det er til hinder for oppføring av vindturbinar på desse testposisjonane, heiter det i ei pressemelding frå departementet.

Vindturbinane er på inntil 10 megawatt. Konsesjonen til testområdet er gitt med ei varigheit avgrensa til fem år.

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir
Kunne ikke lese RSS
Kunne ikke lese RSS

www.tu.no - Energi