Lagar ny lutelandsfilm
Fotograf Oddmund Haugen frå Fjaler Film har følgt heile utbyggingsprosessen på Lutelandet. Det blir det no film av.
Fotograf Oddmund Haugen frå Fjaler Film har følgt heile utbyggingsprosessen på Lutelandet. Det blir det no film av.
Filmen viser framveksten av industriområdet på Lutelandet frå dei første gravemaskinskuffene i fjor haust, til kaia stod ferdig no i sommar. I tillegg fortel filmen om dei spennande tinga som kjem til å foregå på det store industriområdet framover.
Det er viktig for oss som arbeider med Lutelandsprosjektet å få dokumentert framdrifta for ettertida i form av ein film. I tillegg er det lite som konkurrerer med film når det gjeld å vise fram dette fantastiske området og det vi har å tilby
Filmen har premiere under nordeuropas største offshore messe ONS i Stavanger i slutten av august.
