Lutelandet på ONS

Lutelandet Utvikling, Lutelandet Eigedom og Lutelandet Offshore har felles stand på Nordeuropas største oljemesse i Stavanger siste veka i august. Der deler vi pavilijong med resten av offshorenæringa i Sogn og Fjordane.

Dette blir tredje gongen Lutelandet blir presentert på messa der heile olje- og gass industrien i Europa møtest. Første gong Lutelandet hadde eigen stand på offshoremessa i Stavanger var i 2006. Også i 2008 deltok Lutelandet Utvikling på standen.
Nytt på ONS frå og med 2008 er at fornybar energi, og då særleg vindkraft har fått ein større plass på messa.
- Det er viktig for Lutelandet å delta på ei slik messe, seier dagleg leiar Stein-Arne Ottesen i Lutelandet Utvikling. Sjølv om messa er enorm og ein liten stand frå oss kan verke litt bortkomen, er dette ein møteplass der vi kan i tale dei vi ønskjer å kome i kontakt med.
I tillegg til tilsette frå lutelandsselskapa, blir ordførar Arve Helle i Fjaler med på standen heile veka. Det er viktig for suksess på Lutelandet at ordføraren stiller opp i slike samanhengar.

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir

Offshore.no

www.tu.no - Energi