Med hurtigbåt til Lutelandet

Laurdag 17. september la hurtigbåten Øyservice til ved industrikaia på Lutelandet med nær 70 passasjerar ombord. Det var Sunnfjord Energi som arrangerte tur for tilsette i samband med at kraftanlegget Svultingen i Hyllestad har 75 års jubileum.
Øyservice, som til dagleg sørgjer for at folk som bur i øyane i Flora kjem seg på arbeid og får varer levert, henta gjestene i Bygstad, og gjekk til Lutelandet. Under vegs ut Dalsfjorden i eit strålande haustver vart dei guida og fekk mellom anna også med seg brufundamenta på Dalsfjrodbrua som er i ferd med å ta form.
Dagleg leiar Stein-Arne Ottesen i Lutelandet Utvikling orienterte dei om Lutelandsprosjektet under turen. Han la vekt på den store rolla Sunnfjord Energi og enkelttilsette i selskapet har spelt for utviklinga på Lutelandet.
Vel framme fekk dei ti til å sjå seg om på industriområdet før turen gjekk vidare i bussar til Hyllelstad og feiringa av jubileet i Svultingen.

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir
Kunne ikke lese RSS

Offshore.no

www.tu.no - Energi