Ny investor styrker Lutelandet Offshore AS i kampen om store oppdrag

Moly AS frå Os i Hordaland går inn på eigarsida i Lutelandet Offshore AS i Fjaler. Moly AS går inn som ein rein industriell investor for å vere med på å utvikle Fjaler-verksemda innanfor offshore olje- og vindmarknaden.

Moly AS vil no eige 20% av aksjane i Lutelandet Offshore AS. I tillegg vil selskapet gå inn med ansvarleg lån for å styrke eigenkapitalen. Kor stort dette er, er enno ikkje endeleg avklara. "Dette styrker oss på kapitalsida slik at vi både kan satse meir offensivt i marknaden og å gjennomføre andre byggesteg på Lutelandet som pågår no", seier administrerande direktør Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore AS.

Første byggjesteg på Lutelandet vart avslutta i regi av Lutelandet Eigedom i sommar. Då var kai ferdig og 35 dekar industriareal ferdig planert. Det var også bygd veg fram til industriområdet som ligg ideelt til for offshore verksemd. Lutelandet har djup lei heilt inn til kaia som er bygd for å kunne ta i mot dei største skip og installasjonar som er i bruk på olje- og gassfelta som ligg rett vest for Lutelandet.

"Vi veit at vi no byggjer et anlegg og ein organisasjon som vil vere spesialinnretta mot to store marknader som vil vekse enormt dei næraste åra:

Opprydding etter oljeverksemda som har dominert nordsjøbassenget sidan 60-talet og utbygginga av offshore vind.

" Når det gjeld opprydding og riving i Nordsjøen veit vi at dette er ein marknad som berre i norsk sektor utgjer tosifra milliardbeløp dei næraste åra. Det er også store prosjekt i britisk sone som kan vere aktuelle for oss", seier Gjertsen. Han seier at selskapet no er i god dialog med fleire oljeselskap som skal fjerne installasjonar frå Nordsjøen dei næraste åra.

"Lutelandet Offshore leverer snart søknad om utsleppsløyve for rivingsprosjekta til Fylkesmannen og Klima og Forureiningstilsynet. Vi har no ein god dialog med forureiningsstyresmaktene og vil oppfylle dei langt strengare miljøkrava som no kjem til slike anlegg.

"Vi planlegg eit anlegg som ikkje skal sleppe ut noko til sjøen. Det kan vi få til når vi no designer anlegget frå grunnen av", seier Gjertsen.

"Når det gjeld offshore vindkraft ser det ut til å bli ein gigantisk marknad. Dersom Europa skal nå sine klimamål må det byggast ut ufattelege mengder offshore vindkraft. Berre i britisk sektor skal det investerast ubegripelege 990 milliardar kroner dei næraste åra."

Det største prosjektet kjem på Doggerbank der norske Statkraft og Statoil er viktige aktørar. Berre her kjem det bortimot 2000 vindmøller.

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir

Oilinfo.no:

www.tu.no - Energi