Selskapa Lutelandet Offshore AS i Fjaler og Scanmet AS på Stord har inngått ein intensjonsavtale der dei har som mål å samle verksemda i dei to selskapa på Lutelandet i Fjaler. Dei to selskapa har også som mål å gå saman i eit eige selskap som skal drive opphogging og demontering av oljeinstallasjonar på Lutelandet.
Scanmet AS er den mest erfarne demoleringsaktøren i Nordsjøen og har drive dette arbeidet sidan 1996. Til no har dei attvunne meir enn 150.000 tonn stål i anlegget på Eldøyane på Stord. Det er denne verksemda dei no ønskjer å flytte til Lutelandet. Scanmet er mellom anna tildelt oppdraget med å demontere ei lastebøye frå Draugenfeltet for Shell og er no i marknaden for fleire andre oppdrag. Demonteringa av Draugen-bøyen skal etter planen skje i 2012-2013.
Med Scanmets inntreden på Lutelandet tilfører dei prosjektet mykje kompetanse innan for decommissioning-verksemda. Dei har mellom anna lang marknadsrøynsle, ferdig oppbygde system for arbeidet og røynde operatørar med lang erfaring i bransjen. Dei har også mykje av dei maskinar og det utstyr som trengst for å drive slik verksemd på Lutelandet. På Lutelandet kjem dei til eit område som blir spesialdesigna i samsvar med dei siste krava for slik verksemd, og som framfor alt har mykje meir plass enn det dei har til rådvelde på Stord.
Selskapa skal saman også etablere eit ingeniør- og marknadsapparat for rivingsmarknaden offshore. Dette kan også utvidast til å bli eit ingeniørselskap for resten av verksemda på Lutelandet.
Samarbeidet har som mål å samla verksemda i selskap dei to partane eig i fellesskap. Dei er også samde om at dei kan opne for andre, både internasjonale og lokale, aktørar i dei nydanna selskapa dersom dette kan styrke konseptet.
Svært mykje av det som har vore rive og demontert i Nordsjøen så langt har skjedd på felta sør. Dei komande åra skal ei rekke store felt og installasjonar avviklast i den nordlege delen både i norsk og britisk sektor. I forhold til desse prosjekta ligg Lutelandet perfekt plassert.


Del på Facebook

