Fylkesmannens miljøvernavdeling har no lagt søknaden om
utsleppsløyve i samband med industrietableringa på Lutelandet ut på
høyring. Fristen for å uttale seg er 29. april.
Lutelandet Offshore as har søkt om
utsleppsløyve for nedrigging av offshore oljeinstallasjonar,
vedlikehald av skip, uttak av stein og montering/uttesting av
vindmøllar. Ev. uttaler må vere sendt til Fylkesmannen innan
29.april 2011.
Søknad med vedlegg kan ein sjå på denne sida.
Dei mest aktuelle høyringspartane har i tillegg fått sjølve
søknadsdokumentet tilsendt direkte. Alle som har merknadar til
søknaden, kan gje uttale til Fylkesmannen innan 29.april 2011. Når
søkjar har fått høve til å kommentere ev. merknadar, vil
Fylkesmannen vurdere om og ev. på kva vilkår løyvet
(utsleppskonsesjon) kan gjevast.
Aktiviteten på avsett område er samansett. Hovudaktiviteten er
meint å vere nedrigging av offshore installasjonar for
oljeproduksjon. Denne typen anlegg vil med tida følgast opp av
Klima- og forureiningsdirektoratat, men Fylkesmannen er delegert
avgjerdsrett denne gongen for dette anlegget. I tillegg vil
anlegget kunne ha servive og vedlikehald av skip og andre, større,
flytande innretningar. Standardkrav til slik aktivitet går fram av
kap. 29 i
ureiningsforskrifta. Standardkrav for uttak av stein
m.v. går fram av kap. 30 i
ureiningsforskrifta. Det er også avsett område for
montering og testing av vindmøller, og for eit biologisk anlegg for
behandling av organisk avfall. Dersom utsleppskonsesjon for omsøkt
aktivitet kan gjevast, vil Fylkesmannen vurdere om alle relevante
krav bør gå fram av eit samla løyvedokument.