Synfaring for Lutelandet testsenter

Torsdag var det synfaring på området der Lutelandet Testsenter er planlagt. Testsenteret skal teste turbinteknologi for bruk i offshore vindkraft.
Synfaring: Frå venstre: Oddvar Hatlem, Sunnfjord Energi, Håkon Sandvik Lutelandet Energipark, ordførar Arve Helle, og Tor Nistad, Statoil(foto: Stein-Arne Ottesen).
Bak testsenteret står Statoil i tett samarbeid med Lutelandet Energipark AS og Sunnfjord Energi. Ein internasjonal turbinprodusent er også aktuell som partner i senteret. Dersom alt klaffar kan testsenteret vere i drift alt sommaren 2012. Planlegginga er komen så langt at ein no nærmar seg ein konklusjon. Den første milpælen no er at testsenteret får konsesjon frå NVE for den første turbinen som blir sentral i senteret. Denne turbinen vil etter kvart inngå i Lutelandet Energipark sin produksjon. D et er venta avgjerd frå NVE før påske

Synfaringa er ein del av detaljplanlegginga av testsentert. Før synfaring gjekk partane bak senteret saman med ordførar Arve Helle i Fjaler og Stein Arne Ottesen i Lutelandet Utvikling gjennom planane for å få dei samordna med alt det andre som no skjer på Lutelandet.
Testsenteret vil bli ein viktig bidragsytar til den vidare industriutbygginga på Lutelandet. Særleg vil den bli viktig for Lutelandet si rolle som lbyggjeplass og samnstillingsplass for dei store offshore vindkraftprosjekta i britisk og tysk del av Nordsjøen.
Statoil er saman med Statkraft stor aktør i utbygging av offshore vindkraft i Storbrittania, og står blant anna bak verdas største offshore vindanlegg som er planlagt bygd på Doggerbank. Dei to selskapa eig også vinkraftanlegget på Sheringham Shoal i Storbrittania. Det har ein installert effekt på 317 MW.




.

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir

Offshore.no

www.tu.no - Energi