Ordførar Arve Helle i Fjaler har saman med dagleg
leiar i Lutelandet Utvikling Stein-Arne Ottesen og Firda-journalist
Ivar Lonvastøl vore i den nyaste vindparken i Norge, på Høg-Jæren,
for sjølve høyre om det er støy frå møllene, og snakka med naboar
rundt parken.
Vindkraft-anlegget på Høg-Jøren er ein god del større enn den
planlagde vindparken på Lutelandet.
I dag er 28 av dei i alt 36 vindmøllene i parken sett i drift.
Dei åtte siste skal reisast til hausten.
Vindparken ligg kommunane Time og Hå sør på Jæren i eit
landskap som blir brukt til beite av grunneigarane som har leigt
bort grunnen. Sauer og storfe beiter mellom vindmøllene.
Vindkraftanlegget har 2,3 MW-turbinar frå Siemens. Høg-Jæren
har svært gode vindforhold , jamn og passe sterk vind, og rekner
med å kunne ha jamn stor produksjon. Parken kjem trulig til å
produsere nær dobbelt så myke straum som ein like stor vindpark
i
Tyskland på grunn av at vindtilhøva er så mykje betre.
Vindparken ligg nærare bustadhus enn det vindparken på til
dømes Lutelandet vil gjere. Dei næraste naboane bur mellom 6- og
700 meter frå næraste turbin.
Blant naboane er det svært delte meiningar om kor vidt det er
sjenerande støy frå vindmøllene. Ein familie har stått fram i
media, mellom anna i Bergens Tidende og fortald at dei i periodar
er plaga av støy. Ordføraren og vi andre vitja denne familien som
fortalde om dei problem dei føler. Dei fortalde både om støy og om
at markeringslys for flytrafikk som er tent om natta og som verka
forstyrrande. Denne familein har den næraste mølla 670 meter frå
huset, og dei har sju møller innanfor ein avstand på 1,2 kilometer
. Møllene er også plassert slik at dei ligg i ein
"halvmåne" rundt eigedommen. Dermed har dei har
møller på to sider av huset.
Næraste naboane bur like nær vindparken med like mange møller
innafor kort avstand. Dei fortalde at dei i det heile ikkje merker
noko til støy frå vindmøllene, og at dei knapt høyrer noko lyd i
det heile. Den støyen som måtte kome vart uansett overdøyvd av
vifter i fjøs og andre tekniske innretningar på garden. Dei merka
heller ingen plager frå lys
Vi som var der, gjekk også rundt inne i vidparken for å høyre
kor merkbar støyen var. Slik vi opplebde det, var det ikkje merkbar
støy når vi var meir enn 200-300 meter frå ein vindturbin.
Servicebygget for vindparken ligg 400 meter frå nærasste turbin.
Utandørs ved det var det ingen av oss som var i stand til å
registrere lyd. Men det skal leggjast til at det var svak vind då
vi var der og turbinen gjekk ikkje med full last. Dei tilsette som
hadde arbeidsplassen der fortalde at dei ved spesielle vindforhoild
kunne høyre lyden frå giret, men aldri lyden frå rotorblada som
gjekk rundt. For folk som har vore i oljeindustrien er ikkje dette
støy, og knapt nok lyd, var kommentaren der.
Vi møtte også Arnfinn Vigrestad som er ordførar i Time kommune
der halve vindkraftanlegget ligg. Han fortalde at den lokale
oppslutninga om vindparken er overveldande både politisk og blant
innbyggjarane, og han trudde at folk var blitt meir positive etter
at vindparken var sett i drift.
Vindparken er på kor tid blir eit av dei mest populære turmåla
i området. Så populært at det har vore parkeringsproblem i
periodar. Parkeringsplassen har ikkje ferdig opparbeidd før no, det
har skapt litt kaos i helgane. Dei 14 kilometrane med grusveg som
ligg inne i vindparken er no opna opp og lagt til rette for folk
som ønskjer å gå eller sykle tur, eit tilbod som folk i område har
sett stor pris på. I sommar har vindparken også vore eit populært
reiemål for turistar i området.
Konklusjonen etter å ha snakka med utbyggar, kommune og naboar
er at nokon kan føle seg plaga av støy frå vindmøller når dei står
så nær bustadhus som dei gjer i denne parken. På Lutelandet bli
avstanden betydeleg større. Opplevinga av lyden, og om den plagsom,
varierer sterkt i området. Nokre av naboane opplevde det som eit
problem, medan andre sa at dei ikkje høyrde den i det heile.
Stein-Arne Ottesen


Del på Facebook

