Næringsminister Trond Giske saman med Nils P. Støyva (Sogn
og Fjordane Arbeidarparti) lyttar til presentasjonen av
Lutelandsprosjektet. I bakgrunnen Monica Oppedal som er sekretær i
Sogn og Fjordane Arbeidarparti
Næringsminister Trond Giske møtte sentrale personar i
utviklinga av Lutelandet for å bli orientert om det store
prosjektet.
Giske kom i spissen for ein stor delegasjon frå departementet
for å bli oppdatert om det som no skjer på Lutelandet.
Møtet foregjekk i Lutelandet Utvikling sine kontor i Dale Senter.
Møtet foregjekk i Lutelandet Utvikling sine kontor i Dale Senter.
Administrerande direktør Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore og
dagleg leiar Stein Arne Ottesen i Lutelandet Utvikling orienterte
statsråden om planane og om arbeidet så langt.
I tillegg var dei utfordringar ein har i forholdet til
sentrale myndigheter eit tema.
Det vart understreka at konsesjonen for Lutelandet Energipark
hastar å få på plass. Det er viktig at Klima og
forureinings-tilsynet ikkje brukar for lang tid på å handsama
utsleppssøknaden for Lutelandet og at kostnadane med utgraving av
fornminne blir så små som mogeleg.
Giske gav uttrykk av at han var imponert av det arbeidet som
foregår og ikkje minst av visjonen i prosjektet


Del på Facebook

