Tysk storsatsing på offshore vindkraft

Det skal dei næraste åra investerast for gigantiske 138 milliardar Euro i offshore vindkraft i Europa. Sist veke var mange av dei tyske verksemdene som satsar på denne enormer marknaden samla i Bremerhaven. Der var også dagleg leiar Stein-Arne Ottesen i Lutelandet Utvikling AS saman med representantar frå åtte norske bedrifter.
5 Megawatts offshore-turbin frå den tyske turbinprodusenten Repower plassert for testing på eit jacket-understell frå tyske Weserwind
5 Megawatts offshore-turbin frå den tyske turbinprodusenten Repower plassert for testing på eit jacket-understell frå tyske Weserwind
5 megawatts turbin frå Arewa plassert på Tripod-understell frå Weserwind
5 megawatts turbin frå Arewa plassert på Tripod-understell frå Weserwind
Store dimensjonar på understella
Store dimensjonar på understella
Spesialutstyr for entring av offshore vindmøller montert på ein slepebåt vart demonstrert i hamnebassenget i Bremerhaven
Spesialutstyr for entring av offshore vindmøller montert på ein slepebåt vart demonstrert i hamnebassenget i Bremerhaven
Bremerhaven har dei siste åra hatt stor arbeidsløyse, oppi 25 %. Satsinga på offshore vindkraft har endra mykje på dette. Dei par siste åra er det skapt 1500 nye arbeidsplassar inhnanfor offshore vindkraft i den nordtyske hamnebyen.
Mellom anna har Weserwind, eit selskap som har oppstått p+å ruinane av skipsbyggingsindustrien i byen, nett avslutta bygginga av ein stor fabrikk for produksjon av unhderstello for vindmøller som skal stå i havet.
Overborgermeistaren i Bremerhaven sa i sin tale til deltakarane på konferansen at atomkraftas tidsalder no er over, no er det satsing på vindkraft om gjeld.
I Tyskland er det venta at det dei næraste 10-15 åra vil bli bygd 250 nye vindturbinar til havs kvart einaste år. Den tyske regjeringa løyvde sist veke 5 milliardar Euro til dei ti første v indparkane frå no av som blir realiserte.
Offshore vindnæeringa har no vakse ut av hamneanlegga i Bremerhaven. Difor planelgg dei no ein stor base for utbygging av offshore vindkraft i rett utanfor byen.
Verdt å merke seg i høve til den lokale debatten om plassering av vindkraft er at alle testurbinane er plassert inne i industri- og hamneområda i Bremerhaven. Sikkerhetssonane rund vindmøllene er også blitt mindre etter kvart som både styresmakter og innbyggarar oppdagar at det er langt mindre problematisk å samlokalisere arbeidsplassar og vindkraft enn ein tidlegare trudde.

Aktuelt

Lutelandet deltek på rekrutteringsmesse i Trondheim

Her kan du laste ned brosjyra vi deler ut på rekrutteringsmessa i Trondheim
Les meir

Vindkraftklage avvist

Fylkesmannen har avvist klaga på reguleringsplanen for vindparken på Lutelandet...
Les meir

Fylkesmannen avslår klage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har avslått ein klage frå Naturvernforbundet på...
Les meir
Kunne ikke lese RSS

Offshore.no

www.tu.no - Energi