Fylkesmannen har gitt utsleppsløyve
for omsøkt aktivitet frå Lutelandet Offshore AS på
Lutelandet.
Lutelandet Offshore AS har søkt om å drive
med nedrigging av utrangerte offshore installasjonar. Dei vil også
ha høve til uttak av stein, og kunne ha vedlikehald m.m. på skip
eller andre flytande innretningar.
Aktivitetane vil føre til utslepp av ureina vatn, støy, støv og lukt. Anlegget vil også kunne vise fram mykje lys i eit elles lite utbygt område. Store mengder avfall og farleg avfall vil kunne handterast.
Utsleppsløyve for Lutelandet Offshore AS er gitt med ein rad krav om miljøomsyn. Det er sett krav til maksimale utslepp til vatn, støy og lukt må holdast under nærare gitte grenseverdiar. Verksemda må følge opp utsleppa med analysar og granskingar av Korssundosen. Støy frå ev. vindmøller må også haldast innafor grenseverdiane i løyvet. Løyvet omfattar også ev. biologisk behandling av organisk avfall.
Fylkesmannen har bede søkjar om å kunngjere løyvet. Partane og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket eller nærare gitte vilkår til løyvet innan tre veker frå kunngjeringa. Ev. klage skal rettast til klageorganet Klima- og forureiningsdirektoratet, men må sendast til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan ta klagen heilt eller delvis til følgje, eller sende den til Klima- og forureiningsdirektoratet for endeleg avgjerd.

Del på Facebook